Etter tre vellykka søndagar med «Open hall» blir det pause til over nyttår.

Tiltaket har blitt ein stor suksess, ungar og vaksne har fylt idrettshallen tre søndagar i haust. Derfor er arrangørane godt nøgde med prosjektet. Open hall er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar kommune, Fitjar kultur- og idrettsbygg og Fitjar Idrettslag. Hordaland fylkeskommune oppmodar til å nytta idretthallane når dei er ledige, og har gitt økonomisk støtte til tiltaket i Fitjar. Alle barn og ungdommar som har foreldre eller andre vaksne med seg, er velkomne.

I går var rundt 20 ungar i hallen saman med foreldra sine. Det var noko færre enn dei to første gongene, men folkehelsekoordinator Kari Raunholm i Fitjar kommune seier seg godt nøgd. Saman med Ole Bergesen i Fitjar kultur- og idrettsbygg har ho gitt foreldre og born eit godt tilbod tre søndagar i haust.

Så fornøgde er arrangørane at dei ikkje nøler med å planleggja nye, opne søndagar i idrettshallen over nyttår. – Me tar sikte på fire-fem gonger til neste år, frå januar til mai, seier Kari Raunholm. Men datoane har dei ikkje fastsett enno. Først må dei finna ut kor tid hallen er ledig.