Ungar og vaksne fylte idrettshallen i dag og gjorde tiltaket «Open hall» til ein suksess.

Vel 40 ungar i alderen eitt til 14 år utfalda seg i fri leik i Fitjar kultur- og idrettsbygg i dag. Når me tel med foreldre og andre vaksne, var 70-80 menneske innom idrettshallen dei tre timane det var ope.

Folkehelsekoordinator Kari Raunholm og dagleg leiar i FKIB, Ole Bergesen, la til rette for leiken med å plassera ut ballar, matter, og anna utstyr. Men elles klarte foreldre og ungar å aktivisera seg sjølve.

– Dette var kjempekjekt, seier folkehelsekoordinatoren, det såg ut til at alle kosa seg. – Responsen var overveldande, seier Ole Bergesen og Kari Raunholm i kor.

Det blir open hall to gonger til før jul, neste gong blir søndag 17. november.