Ordførar Harald Rydland informerer. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Stord og Tysnes kommunar tek til orde for å melde overgang til Rogaland fylke etter Hordfast-nederlag i fylkestinget. Fitjar-ordføraren er også open for tanken.

– Det er utruleg skuffande og eigentleg ganske sjokkerande at fylkespolitikarane no ser ut til å ikkje vilja prioritera eitt av dei viktigaste prosjekta for å knyta saman og utvikla det nye fylket vårt, seier ordførar Gaute Epland (Ap), som for tida er i farspermisjon.

Han viser til torsdagens møte i fylkesutvalet, der hans eige parti saman med koalisjonspartia vedtok å gå vekk i frå å prioritere Hordfast på Nasjonal Transportplan for dei neste 12 åra.

– E39 Hordfast er ikkje berre det mest samfunnsnyttige prosjektet i NTP; det er også eitt av dei beste klimaprosjekta og vil bidra til betydelege utsleppsreduksjonar. Dette er noko ein burde vore stolt av og heia på. Men så vil ein ikkje eingong ha prosjektet, seier Epland.

Han får støtte av fungerande ordførar Jakob Bjelland (Sp), som også blei motarbeidd av sitt eige parti i fylket.

– For oss i Sunnhordland er dette desto meir skuffande ettersom det kjem i etterkant av ei fylkessamanslåing regionen vår har komme svært dårleg ut av. At ein no ser ut til å heller ikkje vilja satsa på samferdsle i vår region, opplever me som eit nytt prov på at me ikkje vert sett på som viktige i det nye fylket, seier Bjelland.

– Begeret er meir enn fullt

NTP-uttalen skal handsamast og endeleg vedtakast i fylkestinget. Om uttalen vert ståande etter fylkestinget si handsaming, er dei begge klare på ein ting.

– Då vil me ta initiativ til at Sunnhordland melder overgang til Rogaland, seier Epland.

Bjelland viser at spørsmålet om å alliere seg med Rogaland har vore diskutert før, og er no blitt aktuelt på nytt i samband med Hordfast-vedtaket.

– Å melde overgang til Rogaland har vore diskutert her hos oss også tidlegare, etter at spørsmålet vart løfta av tidlegare ordførar i Bømlo, Odd Harald Hovland. Då heldt me i Stord fast på at me ønskte å vere ein del av det nye vestlandsfylket. Men no er begeret meir enn fullt, og me har vanskeleg å sjå at me har så mykje å henta på å vera ein del av dette fylket lenger, seier Bjelland.

Får støtte frå Tysnes

Ordførar i Tysnes kommune, Kåre Martin Kleppe (H), støttar Epland og Bjelland i at ein no bør vurdere ein overgang mot Rogaland.

– Ja, det gjer eg. Dette handlar om at fleire funksjonar allereie går sørover, og at ein satsar på ein infrastruktur der som gjer at ein vil vere landfast i Rogaland. Når ein no ser at Vestland går vekk i frå Norges beste samferdselsprosjekt, så er det naturleg at ein ser andre vegen.

– Eg ser på dette som ein fortsetjing av regionreforma. Viss dette blir resultatet så vil me realitetshandsame dette i Tysnes kommune, seier Kleppe.

Open for tanken

Også Fitjar-ordførar Harald Rydland (Krf) er open for tanken om å melde overgang til Rogaland.

– Eg har vore inne på dei same tankane uavhengig av Hordfast-prosjektet. Me meinte det ikkje hadde noko for seg å slå saman fylket utan å få nye oppgåver. Dentte har vore diskutert før, og eg ser absolutt at det kunne hatt sine fordelar. Så tanken er ikkje framand.

Rydland deler den sterke skuffelsen knytt til Hordfast-vedtaket.

– Det viser jo dette me har sett i mange tilfelle, at Sunnhordland vert sett vekk i frå av sterke politiske krefter nord for oss. Det skapar frustrasjon. Det er eit merkeleg spel som føregår rundt Hordfast. Det har vore breie politiske prosessar gjennom fleire år som ein har landa. Då er det veldig merkeleg at fylket plutseleg vil nærast sabotere dette, seier Fitjar-ordføraren.

Stiller seg avventande

Ordførar i Sveio, Linn Terese Erve, tør ikkje seie på ståande fot om å støtter ein overgang til Rogaland.

– Det har eg ikkje teke stilling til, men eg må jo seie at eg er veldig skuffa over det som kjem fram frå fylkesutvalet. Det synest eg er alvorleg. Det reagerer eg på. Men så har me ikkje teke stilling konkret på om Sveio vil sørover, seier Erve.

Bømlo-ordførar Sammy Olsen (Sp) er den einaste av ordføraren som stiller seg meir skeptisk til å melde overgang til Rogaland.

– Eg er ikkje med på den sorten politikk. Me har i dag gjort eit vedtak som går til fylkestinget om at me henstillar dei til å ta med Hordfast. Eg trur ikkje det på noverande tidspunkt nyttar å melde ei overgang.