Førstkomande laurdag, 1. juni, vert det open dag på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter.

Har du båt sjølv er det berre å sette kursen ut Engesundsleia til Dyrholmen. Senteret vil laurdag vere ope frå 10.00 – 18.00. 

For dei som  ikkje har båt er det sett opp båtskyss kl. 12.00 (retur 14.00) og 15.00 (retur 17.00). I tillegg til å sjå levande laks vake i merdane kan du få med deg historia til både Visningssenteret og Engesund fiskeoppdrett – pluss ei utstiling av gamle sjøfartsting i underetasjen.

Munngodt skal det òg bli. Både «lakselollypop» (fiskepinner av laks på pinn), lefser, kaffi og te vert servert gratis.

Fitjarposten har allereie vore fleire gonger på Visningssenteret, og me kan trygt seie at det er vel verdt å ta turen til dette senteret som ligg midt i Fitjar sitt vakre øyrike.

– Så langt har det vore rundt 350 gjester på Visningssenteret, fortel dagleg leiar Lisa Instefjord. – Ønskjer ein visning kan ein få det om ein gjev melding ein time på førehand. Ønskjer ein middag treng senteret vite det dagen før ein kjem, legg ho til.