Førstkomande laurdag gjentek ein suksessen frå tidlegare år og arrangerer Open dag på brannstasjonen i Årskog.

Den opne dagen som startar kl 11:00 og varer til kl 14:00, gjer det fritt fram for store og små til å sjå korleis dei har det på brannstasjonen.

– Det vert servert vaflar og pølser – og tur med brannbilen for dei små, opplyser Johan Nilsen til fitjarposten.no.

Han lovar òg kaffi til dei vaksne, og oppfordrar alle dei yngre til å komma innom og bli «husets brannsjef».