Fitjar Brannvesen gjentek suksessen frå dei seinaste åra og skipar til Open dag på brannstasjonen i Årskog førstkomande laurdag mellom kl 11.00 og 13.00.

– Målgruppa er småbarnsforeldre og barn. Ein vil mellom anna få prøve seg på sløkking, køyre med brannbil – og det vert servert pølser, opplyser brannsjef Tore Nesbø til fitjarposten.no. Barna vil òg få ein tøff brannverncaps til odel og eige.

Arrangementet er ein del av den landsomfattande brannvernveka, og over 350 brannstasjonar over heile landet vil ha open dag mellom 19. og 24. september.

– Brannvesenet ønskjer å inspirere barn og vaksne til å sjekke brannsikkerheita, og ha brannøvingar heime. Rundt 80 prosent av alle brannar i Noreg skjer på grunn av menneskeleg åtferd. Mange av desse brannane kunne vore unngått om folk var flinkare til å ta brannvern på alvor, heiter det mellom anna i ei pressemelding om brannvernveka.