I samband med Brannvernveka vert det førstkomande laurdag Open dag på Brannstasjonen i Årskog mellom kl 11 og 14. Tema i år er avtalt møteplass i tilfelle brann.

9 av 10 nordmenn har ikkje avtalt med sine næraste kvar dei skal møtast utanfor bustaden dersom det byrjar å brenne, i følgje ei fersk undersøking. Familiane sine brannrutinar og brannøvingar i heimen vert såleis hovudtema under Open dag i år.

– Det er skremmande at så få har avtalt ein trygg møtestad utanfor bustaden. Ved brann er det lett å koma bort frå kvarandre i kaoset som oppstår. Vårt skrekkscenario er at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som har kome seg ut andre vegar, seier konserndirektør Line Hestvik i If Skadeforsikring.

Barnefamiliar er noko flinkare enn andre, i følgje undersøkinga som er utført for Brannvernveka 2012 av TNS Gallup nyleg. 16 prosent av familiar med barn har gjort avtale om utandørs møtestad i tilfelle brann.

– Aller flinkast er dei som faktisk gjennomfører brannøvingar i eigen heim. Av desse er det nesten halvparten som har ein fast møtestad utanfor bustaden. Dette viser kor viktig det er å øve, seier brannsjef Tore Nesbø i Fitjar brannvesen.

Familieaktivitet
-Som tidlegare er Open dag også i år er lagt opp som ein familieaktivitet. Her får barn og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og prøvesitjing i brannbilar er noko av det ein kan oppleve. Dessutan vil det bli delt ut brannverncapsar til barna.

– Open dag på brannstasjonen gir oss eit eineståande høve til å kome ut med eit viktig brannførebyggjande bodskap no som vi går inn i den tida på året når talet på bustadbrannar vanlegvis aukar, seier Nesbø.

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, If Skadeforsikring og brannvesenet.