Fitjar brannvesen fortset med suksessen frå tidlegare år. I samband med Brannvernveka 2013 held dei open dag ved brannstasjonen i Årskog laurdag føremiddag.

Arrangementet varer frå kl. 11.00 -14.00, og programingrediensane er som før: køyring med brannbilen, prøving av brannsprøyta – og vaflar, pølser, saft og kaffi.