Tradisjonen tru vert det i år òg skipa til Open dag på Brannstasjonen i Årskog. Det skjer førstkomande laurdag.

Her vil det som før bli spennande aktivitetar for dei små, og nyttige opplysingar om brannsikkerheit for dei vaksne. I tillegg vert det servering av ymse slag

– Brannbilen vil vera på plass, men innskjerpa sikkerheitsreglar gjer at borna ikkje kan vera med på køyretur, seier Trond Henriksen til fitjarposten.no.

Ein spennande og opplevingsrik dag lovar han likevel.

Det heile varer frå kl. 11.00 til 14.00.

Ingressbilete: Det vert servering av ymse slag. Arkivfoto: FP/HCH

(ANNONSE)