Søndag er det igjen Open dag på Årskog museum. I år tilbyr dei mellom anna kipekurs. Biletet: Rognebærblåsing. Foto: Sunnhordland Museum.

 

Kipekurset som er kalla «Viva basket» går føre seg mellom kl 11.00 og 17.00 og er leia av Samson Øvstebø. I løpet av søndagen får deltakarane på kurset lagd seg ei minikipe. Så har du lyst til å lære deg å lage kiper, kan du alt no melde deg til Bente Bjelland: e-post: bebj@fitjar.kommune.no eller på tlf. 476 86 208. 

Om du ikkje ser deg mon i å vere med på kipekurset er det likevel mykje spennande å få med seg på Årskog denne søndagen. Me nemner demonstrasjon av handarbeidsteknikkar, rognebærblåsing, hesteskokasting, lyng- og eplekranslaging og smørkinning.

Det vert sal av poteter og gardsmat – og det vert cafè.

Born kjem gratis inn. For vaksne kostar det 50 kr i entré.