Tysdag 30. oktober held Årskog barnehage dørene opne for alle interesserte.

– Me ynskjer å visa litt av det me driv med, skriv Torhild Alsaker i Årskog barnehage.

Ho skriv at alle er velkomne, spesielt potensielle søkjarar til plassar barnehageåret 2019/2020.

Nytt høvet til å sjå deg litt om i barnehagen!

Det vert lett servering, song, musikk og forteljing.