Små og store gjester fylte brannstasjonen i Årskog i dag for å helsa på Fitjar brannvesen.

I høve den årlege brannvernveka  til Norsk brannvernforening inviterte brannvesenet i Fitjar til open dag på brannstasjonen laurdag føremiddag, til liks med rundt 300 andre brannvesen i Noreg. Og publikum kjente si besøkstid og møtte opp i Årskog for å sjå kva det lokale brannvesenet driv med.

Open brannstasjon har vore eit årvisst arrangement på brannstasjonen i Årskog dei siste åra, men dette var første gongen Fitjar Kraftlag var med. Driftsingeniør og inspektør Hans Christian Helland delte ut barnevennlege ting som såpebobler og drops, i tillegg til yttarst relevante ting som gratis røykvarslarbatteri frå Gjensidige. – Så no er det ingen som har unnskyldning for at det ikkje er liv i røykvarslaren heime, seier han. Han viste ein biletserie med kjende – og altfor vanlege – kjelder til brann i heimane. Svidde strykejern, tørketromlar, leidningar, porselenslampar og vaskemaskinar kom opp på skjermen, til skrekk og advarsel. Formålet er naturlegvis å minna publikum på dei mest aktuelle brannfarane i heimen – og at 40 % av brannane i norske heimar kjem av feil på – eller feil bruk av – elektrisk utstyr.

Utrykningsleiar i Fitjar brannvesen Johan H. Nilsen poengterer at det førebyggjande brannvernet er det klart viktigaste. – Dette er heilt avgjerande, det er her det skjer, seier han. Når me kjem og sløkkjer brann, er det ofte for seint å redda verdiar. Me kjem for å begrensa skadane og avverja større katastrofar, seier utrykningsleiaren. No ber det mot vinter, meir inneliv og meir oppvarming, og brannvesenet vonar å hausta frukter av informasjonsarbeidet ved å få ned talet på brannar i haust og vinter.

– I år har det diverre vore ein auke i talet på brannar, både i Fitjar og på landsbasis, og derfor er me sjølvsagt opptekne av at informasjonen vår når publikum, seier Trond Henriksen.

Han er også utrykningsleiar i Fitjar brannvesen. Han forklarer korleis me kan sjekka brannslokkingsapparata som me alle – vonleg – har i heimane våre. Me bør snu pulverapparata opp ned av og til, og sjekka manometeret ein gong i månaden. Er det ikkje trykk på, så manglar apparatet drivgass, og det livreddande innhaldet kjem ikkje ut i ein nødssituasjon. Utrykningsleiarane og dei andre brannmennene er opptekne av at publikum skal få eit medvite forhold til førebygging. Derfor var dei ekstra glade for at så mange ungar hadde funne vegen til brannstasjonen i dag.

– Det er her me har mest å henta, seier brannmennene. Dei forstår mykje dersom dei for sjå korleis ting fungerer. – Me ønskjer å gjera brannførebygging til «barnas ting», slik at dei er med og tar ansvar, seier Johan Nilsen.

Ein sikker vinnar på slike dagar er sjølvsagt å la ungane prøva brannslangen og brannbilen. Dette var like populært i år,  som alle år. Køen var lang av folk som ville prøva korleis brannslangen fungerte, og Christer T. Innvær var tolmodig instruktør. Også brannbilen med blålys og sirene slo som alltid godt an.

Heldigvis ser det ut til at me i Fitjar har eit fagleg kompetent brannvern, som møter dei store utfordringane på ein offensiv måte. Skal me dømma etter kommentarane frå små og store på brannstasjonen i dag – ikkje minst dei små – klarte brannvesenet å komma i dialog med publikum. Me får håpa dette gir seg utslag i færre – ingen – brannar til vinteren.