Gruppa som har arbeid med ”forprosjekt til Næringsutvikling i Fitjarøyane” er snart ferdig med sitt arbeid. I samband med dette, vert det skipa til ope møte for grunneigarar og andre interesserte, tordag 20. september kl. 19.00 i Fitjar kultur- og Idrettsbygg.

 Her er programmet for kvelden:

 

  • Informasjon om prosjektet
  • Fotoreise i øyane/resultat av spørjeundersøking
  • Innlegg av stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn
  • Presentasjon av lokale brukarar:
    • Johannes Sandvik/Jorunn Hernes (busett på Torsdagsøy)
    • Smedholmen kyst- og naturlivskule
    • Karl Sandvik (eiger av Bårholmen)
    • Bård-Inge Sørfonn (villsaubonde og pleier av kystlandskap)
  • Karen Nybø, Fylkeskommunen, småsamfunnsutvikling og geoturisme
  • John Karsten Hustveit, Åkrafjord Oppleving AS
  • Paneldebatt med fokus på ”vegen vidare”. Deltakarar:
    • Ingebrigt Sørfonn, Stortingsrepresentant
    • Ole Bakkebø, landbruksdirektør i Hordaland
    • Karen Nybø, Fylkeskommunen
    • Anne Line Innvær, utvalsleiar for Plan&miljø
    • Harald Rydland, politiker
    • Randi Tverderøy, gardbruker busett på Tverderøy
    • Johannes Sandvik, husmann med heimekontor på Torsdagsøy
    • Bjørn Arve Lunde, bygningsvernkonsulent

 

  • Oppsummering / Vegen vidare

     Det vert enkel servering.