Ope lesarbrev til kommunestyrerepresentantar – H og Ap

FAU Rimbareid var til stades på høyringsmøtet om budsjett 2014 i går. Her vart det frå Ordførar stilt spørsmål til representanten for Utdanningsforbundet vedr. innsparingspotensialet knytt til totalt 20 færre elevar ved Rimbareid skule frå hausten av. Logikken var at denne reduksjonen i tal elevar skal dekke inn ei innsparing på kr. 165.000. Denne innsparinga skal vere med å finansiere deling av neste års 3. klasse med 30 elevar og store pedagogiske utfordringar som Formannskapet har fått inngåande kjennskap til i lukka møte. Ei slik innsparing svarer til 16 frie delingstimar.

FAU Rimbareid stiller seg svært undrande til denne slutninga, at ein totalreduksjon på 20 elevar skal medføre innsparing på kr. 165.000. Når vart finansieringa knytt til tal elevar? I så fall burde klassedelinga av 30 stk 3.-klassingar vore uproblematisk dersom vi forheld oss til det «gamle» delingstalet på 28 elevar.

Det er pedagogiske utfordingar som etter opplæringslova skal liggje til grunn for ressurstildeling. På Rimbareid står desse i kø. Sjølv om dagens 10. klasse er to store klassar, så er det framleis to store trinn att på ungdomsskulen frå hausten av. I 9. og 10. klassane vil dei vere 26/26/24/27 elevar. Korleis er det for éin lærar å undervise eit så høgt tal elevar i matematikk, i engelsk eller i norsk? Vil han klare å tilpasse opplæringa til den enkelte, slik den enkelte elev faktisk har krav på? Vi som foreldre ser år etter år at nokre elevar stuper i karakterar, medan andre går opp. Ein enkelt lærar klarer ikkje å femne om alle.

Skal ikkje dei som går opp i karakter få fortsatt motivasjon til å stå på? Eller kva med dei som går ned i karakterar utan at det er grunn til å kople inn vedtaksfesta spesialundervisning. Kanskje nokre få timar med annan lærar hadde gitt nøkkelen til fagleg utvikling også for henne? Ja, kan hende er det akkurat dette som skal til for at vedkomande skal kome vidare på ønska studie! Eller kva med neste års førsteklasse som då vert 24 elevar. Éin lærar skal lære 24 lykketroll å lese og rekne. Nivåspriket er stort når dei tek steget inn i klasserommet for første gong. Skal vi makte å setje inn tidleg innsats slik opplæringslova seier? Og kva med symjeundervisninga, «mat og helse»-faget, eller «kunst og handverk» for så store klassar?

FAU består av foreldra til 375 elevar på Rimbareid. Vi lever med ein skulekvardag der det berre ikkje er meir å skjere ned på. Vi ber dykk innstendig om å sjå på behova, heller enn tal personar. Dersom vi skal sjå på tal personar, ber vi Kommunestyret om å sjå på det større biletet i kommunen. Skal vi drive stykkprisfinansiering, må kommunestyrerepresentantane sjå på kva den enkelte skuleeleven kostar kommunekassen på Rimbareid, ved Øvrebygda og ved Sælevik skular. Vi har ikkje lyst å gå inn i denne debatten, og oppmodar også dykk politikarar til å halde dykk utanfor slik talfinansiering!

Vi bed om at de finn rom for fullfinansiering av deling av 3. klasse utan at det går på bekostning av dei andre 9 elevtrinna på skulen. På Rimbareid skule er kassen tom!

FAU bed også om at det vert løyvt midlar til opparbeiding av utearealet kring skulen. Anlegget vil, viss det vert ferdigstilt, vere eit fleirbruksanlegg for heile Fitjar, på fritid og sommarstid. Området vil ha ein bruk som går langt utover skulekvardagen til dei 375 elevane som pr i dag har fysisk aktivitet på eit anleggsområde.
FAU bed fleirtalskoalisjonen om å ta grep for Rimbareid skule!

Fitjar, 17.12.13

FAU Rimbareid
v/ leiar Lovise Vestbøstad