Leiar for Håkonarspelet, Bjørn Haaland ønkjer å takka etter årets Håkonarspel. Det ønskjer òg dotter til forfattar Johannes Heggland.

Haaland skriv:

«Eg vil med dette få takka alle som var med og gjorde årets Håkonarspel mogleg.

Trass i tungt regnvêr laurdagen, vart det gode framføringar, og til saman rundt 850 menneske såg Håkonarspelet i løpet av helga. Me har også fått svært gode tilbakemeldingar både om skodespelar-prestasjonar, regi , scenebiletet og ramma rundt spelet.

I tillegg til mange flinke aktørar i alle aldrar, kor og orkester, lys og lyd, vil eg også takka dei som me ikkje ser i rampelyset under eit spel. Det er dei som jobbar med kostyme, sminke og praktisk arbeid med rigging og bygging. Utan dei mange dugnadstimane som er lagt ned på mange område, hadde det ikkje vore mogleg å få til noko spel. 

Me vil til slutt takka våre sponsorar som har hjelpt oss på den økonomiske sida. Eit spel med over 130 aktive i eit samarbeid med profesjonelle teaterkrefter er eit løft både arbeidsmessig og økonomisk. Me er stolte over nok ein gong å kunna framføra vårt eige historiske spel «Kongen med gullhjelmen» i  Fitjar-bygda!»
 
Bjørn Haaland
Leiar i Stiftinga Håkon den Gode

Fitjarposten har i etterkant av spelet òg fått ei tilbakemelding frå dotter til forfattaren Johannes Heggland som har skrive alle spela om Håkon den Gode. Ho skriv:

«Vil med dette få senda verbale roser til alle som var med og fekk i stand Håkona-spelet i år. Mange timar, mange oppgåver, mykje logestikk må til for å få dette i hamn. Og på ein slik glimrande måte då!

Eg er stolt og audmjuk over at de tek i ferde med dette.»
Lukka til vidare.

Hjørdis J. Heggland

 

 Illustrasjonsfoto: Frå Håkonarspelet 2014. Foto: Håkon C. Hartvedt