I samband med verdas aktivitetsdag inviterer ordføraren og kultursjefen alle eldre til «ut på tur» førstkomande torsdag.

Så lang tur skal ein ikkje gå. Det er snakk om kulturhistorisk vandring frå Håkonarparken via Kongsbrunnen, kyrkja, og Rimsvarden, og det går an å vere med på heile eller delar av turen. I samband med turen vert det Ope hus på Fitjartun frå klokka 11.00, og ein treng ikkje å ha gjennomført turen for å stille opp her.

På Fitjartun vert det elles foredrag om folkehelsa og aktiv aldring, litt informasjon om dei ulike aktivitetane for eldre som finst i kommunen, kaffi og noko å bita i og kan hende eit musikkinnslag og.