Ta deg ein tur på julemessa vår, der er det utlodding av både dukar og løparar som høver til jul.

Fine handarbeid er alltid populære gevinstar, og laurdag 19. november kan det vere din tur til å vinne. Helland og Hovstad Normisjon lagar til julemesse på Øvrebygda bedehus den dagen. Messa startar med sal av diverse handarbeid, juleknask og kaker, lefse. Elles vert det åresal og sal av lodd på bøker, der ein blant anna kan vinne handarbeid, kaffetraktar og dokke med mange klær. All inntekt går til eit misjonsprosjekt i Nepal, slik som tidlegare år. Gratis kaffe, saft og heimebakst kan ein også kose seg med. Andakt og song tek Håkon C. Hartvedt seg av.
Alle er hjarteleg velkomne denne ettermiddagen, seier Ellen Helland til fitjarposten.no. Ho er leiar i Normisjonsforeningen.