Sjeldan har me kost oss slik som me gjorde på kabareten med Osternes Mannskor i Kultursalen i kveld. Ein aldeles strålande ønskenostalgi – med kvalitet i alle ledd.

Me kan likevel ikkje la vere å begynne med Martin Hatlevik. Han har me brukt mange superlativar på tidlegare, men denne gongen overgjekk han sjølv våre skyhøge forventingar. Når han song «Jag har hørt om ein stad» vart det sakral høgtid, i «Are you lonesome tonight» var han Elvis – og Roger Miller hadde garantert vore stolt av hans framføring av «King of the Road».

Martin var likevel langt i frå den einaste som stråla denne gongen. Dei nostalgiske kjenslene slo til for fullt i framføringa av Peter, Paul and Mary sin storslagar «Lemon tree» som Martin song i lag med Ole Christian Ottestad og Gurid Refvik.

Dermed har me òg nemnt to andre av dei store aktørane i kveld. Det er ingen hemmelegheit at hadde ikkje Ole Christian teke regien på det heile, hadde det ikkje vorte nokon kabaretar frå Osternes Mannskor. I tillegg syng han utruleg bra.

Det gjer så visst Gurid Refvik òg. Å henta ho inn i denne samanhengen, saman med Ann-Sofie Drønen, var eit stjernetreff. At Gurid har ei nydeleg stemme visste vi. No fekk ho òg vist at ho kan føre seg på scena.

Det veit me frå før at Ann-Sofie Drønen kan. Denne gongen fylte ho rolla som ei ønskekonsert-annonsør-dame på ein svært artig og truverdig måte. Duetten med Gurid i «Barnatro» var òg velsigna fin.

Denne gongen fekk vidare John Abotnes synt fram kva han kan. Songen «Kom til onkel» fekk nytt liv i ei strålande og humørfylt framføring frå hans side, med solid song, dans og scenisk framføring.

Så kom Nils Ingmar Hageberg, Roald Drønen, Harald Skumsnes og Per Vestbøstad inn på scena utkledd som «Søstrene Bjørklund». Heilt utruleg å sjå desse karane i ein slik setting. Folk lo så dei mest datt av stolane. Moro var det òg å sjå Alf Træet og Ole Sandvik som svært spesielle soldatar.

No kan det høyrast ut som om det var soloinnslaga åleine som gjorde kvelden. Har eg gjeve eit slikt inntrykk, er det heilt feil. Koret som heilskap var fantastisk bra. Både som aktørar og songarar. Trur mest ikkje me har høyrt dei så bra nokon gong.

Og så arrangementa. 
At Osternes Mannskor har fått med seg Svein Tørnquist er ikkje berre eit funn. Det er eit kjempescoop. Aldeles nydelege korarrangement, og orkesteret med Harald Rydland, Terje Træet, Heine Helland og Svein Tørnquist sjølv, får ikkje nokon dårlegare karakteristikk. Kompet passa som hand i hanske til kvar einaste låt.

Lyden var svært bra, og denne gongen vil me òg rose lyssettinga. Vakker, understrekande og utfyllande.

Alt i alt ein fantastisk fin kveld. Utruleg å ha eit kor her i bygda som kan få til slikt.