10.klassane er på tur med «Aktive Fredsreiser». Dei sender rapportar om turen.  Denne gongen er det  Turid Fitjar og Ragnhild Prestbø som skriv.

-Dagen me har opplevd i dag  vert kalla ondskapens dag, og ikkje utan grunn. Me har besøkt konsentrasjonsleirane Auschwitz I- Stamlager og Auschwitz II- Birkenau. Me byrja med ei omvisning i Birkenau. Dette var ein kjempestor «dødsfabrikk» på 1500 mål. Den var om lag 2 km brei og 1 km lang. Me la ned blomstrar og las dikt på to stader. Både ved den norske minnesplata og ved det gamle gasskammeret der dei fleste norske fangane enda livet.
 
Etter lunsj gjekk turen over til leiren Stamlager. Den vart bygd som ein militærleir før krigen, men vart bygd om til arbeidsleir/dødsleir til krigen. Me kjende att den berømte porten ved inngangen til leiren frå bilete. På den står det «arbeid gjer fri» men slik var det altså ikkje i leirane.
 
Det som gjorde mest inntrykk var koffertar, tannbørstar, sko og andre private gjenstandar son var tekne frå fangane då dei ankom leirane. I Birkenau var gasskammera og krematoria brende ned.
Men i Stamlager fekk me gå i inn i eit gasskammer og kremartorie. Der såg me hola dei putta inn Zyklon B og ovna dei putta lika inn i.

Det vart mange tårer denne dagen, og me var så heldige å få med eit tidsvitne, Maria Gabrielsen, som på temakvelden fortalte oss litt av sin gripande historie. Ho overlevde i ein konsentrasjonsleir, saman med dei seks andre syskene sine. Dette var like sterkt som å gå i leirane, og mange fekk lyst til å kjøpe boka hennar, «Angitt av mamma».
 
Me kjem heim med mange mange nye tankar, og mykje å fordøye.
 
Helsing Fitjar-gjengen.