Onar Westerheim har blitt norsk meister på skeiser under veteranmeisterskapet i Bjugn i dag.

Heile fire gullmedaljar har Onar med seg i bagasjen når han kjem heim frå Bjugn i morgon. I går vann han 500 meter og blei nummer to på 1500 meter, bak den argaste rivalen, Egil Bokn frå Tysvær SK.

I dag vann Onar både 1000 meter og 3000 meter etter to gode løp. Han fortel til Fitjarposten at alt klaffa i dagens løp. Etter sigeren på 1000 meter hadde han 4,5 sekund til gode på den avsluttande 3000-meteren.

Denne gongen fekk Onar til ei god avslutning på den lengste distansen, og vann eitt sekund føre Egil Bokn, som kom i paret etter. Då rundetidene bikka 40 sekund eit stykke ute i løpet, fekk han klar beskjed frå sekundant og hovudsponsor Elise Aarbø på sidelinja. Og då greidde han å pressa rundane godt under 39 sekund på slutten.

Også Harald Westerheim og Jan Henriksen er med til Bjugn, men dei måtte klara seg utan topplasseringar denne gongen. Jan Henriksen gjekk som vanleg ein god 500 meter i klassen over 70 år. Harald Westerheim er ingen sprinter, men var ikkje langt bak dei beste på 3000 meter.

Den ferske noregsmeisteren frå Fitjar fortel om eit triveleg opphald i Bjugn. – Det er ein kjekk plass å vera, her tar dei godt vare på oss, seier Onar til Fitjarposten.

Innandørshallen i Bjugn er ikkje oppvarma, og derfor blir det om lag som å gå utandørs, etter det me forstår på Onar. Rett nok slepp dei å kjempa med regn og vind, men når ikkje hallen blir oppvarma, får du same luftmotstanden som på ein utandørsane. . Dersom du varmar lufta opp til 13-14 varmegrader, merkar du godt at luftmotstanden er mindre, seier Onar.

Men resultatlistene, som du finn på heimesida til Bjugn-Ørland skøyteklubb, viser svært respektable tider av dei spreke veteranane

Her finn du og videoopptak av dagens løp i Bjugn.