Onar Westerheim har vore i Vikingskipet på Hamar i helga og vunne alle distansane i veteranstemnet på skeiser.

Under veteranstemnet 10th Masters International Single Distance Races i Vikinskipet i går og i dag gjorde Onar reint bord og vann alle løpa han var med i. Sigeren på 500 meter var så knapp som mogeleg, med tida 45,45 var han berre 8 hundredelar før den arganste konkurrenten i klassen M65, Alf Gjølga frå Bjugn. På dei tre lengste distansane var Onar suveren, med tidene 2.19,84 på 1500 meter, 4.50,77 på 3000 meter og 8.23,64 på 5000 meter.

Tidene var altså ikkje all verda, noko som skuldast dårlege forhold i Vikingskipet. Onar fortel at temperaturen var 5-6 plussgrader i lufta og minus 3 på isen. Ideelt sett burde skilnaden på luft- og istemperatur vore mykje større. Femten plussgrader i lufta og minus 8 på isen ville gitt mykje betre tider, fortel Onar.

Men Onar seier seg godt fornøgd med fire jamne løp under dei rådande forholda. Også dei andre Stord-løparane hevda seg som vanleg bra. Harald Westerheim kom langt bak i leksa på 500 meter, men med tidene 5.05.31 og 8.40,72 blei det topp tre på dei to lengste distansane. Frank-Einar Pedersen frå Stord kom litt lenger ned på lista i klassen 65 år. Men Jan Henriksen i 70-årsklassen var blant dei beste med serien 48,27 – 1.39,10 laurdag og 47,08 – 1.36,55 søndag.

Neste stopp for Onar blir VM i sprint om knappe to veker i Astana, Kasakhstan. – No gjeld det å få fart på påkane, seier Onar. Han vil prøva å få meir spenning i muskulaturen med spensttrening og vekter før avreisa. I fjor blei Onar sprintmeister, men han tar ingen ting for gitt. Han reknar med tøff konkurranse frå skarpskodde nederlenderar på nyslipte skeiser. Med på turen blir berre Jan Henriksen frå Stord. Dei andre skeisekompisane er ikkje sprinterar og kan ikkje hevda seg på dei korte distansane.