Onar Westerheim vann veteranløpet Masters» Criterion i Erfurt etter ein hard kamp mot skarpskodde nederlendarar.

Onar fortel til Fitjarposten at dei hadde ein strabasiøs tur til den tyske skeisebyen Erfurt helga som var. Han reiste saman med kona Elise, broren, Harald Westerheim, og Jan Henriksen frå Stord midt under det verste uvêret torsdag i førre veke. Og turen blei ikkje heilt utan komplikasjonar.

Ingen fly tok av frå Haugesund Lufthavn på Helganes medan stormen var på det sterkaste, og skeiseløparane våre måtte venta i fire timar før dei kom seg over til Gardermoen. Dermed kom dei så seint til Frankfurt at det var så vidt dei rakk siste toget til Erfurt om natta. Etter 20 timar på reise var dei på plass og klare til innsats, men berre nesten! Skeisene hadde forsvunne, og ingen visste kor det hadde blitt av dei. Dermed hang heile stemnet hang i ein tynn tråd.

Heldigvis dukka dei opp seint fredag kveld, med drosje frå Leipzig. Då hadde Onar og kompisane hans gått glipp av mykje god istrening på fredagen. Men det såg ikkje ut til å øydeleggja innsatsen. Onar vann like godt 500-meteren føre dei sterke nederlendarane. Etter andreplass på 1500-meteren leia han samanlagt etter første dag. Med to andreplassar andre dag blei det siger samanlagt, føre tre skarpskodde nederlendarar.

Harald Westerheim kom på femteplass, etter god innsats spesielt på dei lengste distansane. Gledeleg var også Innsatsen til Jan Henriksen frå Stord. Han gjekk heilt til topps på 500 meter i klassen 70 år, med tida 47,37. Og etter tre gode løp på dei lengre distansane blei han nummer fem i klassen sin.

Onar fortel til Fitjarposten at neste post på programmet blir NM i Harstad rett over nyttår. I midten av januar er det Masters» i Vikingskipet på Hamar. Her er det høve til å setja offisielle rekordar, så det ser han ekstra fram til. Men det viktigaste løpet til vinteren blir nok VM for veteranar i Stavanger 7.-8. mars. Då stiller også fjorårets verdsmeister, Kees Verdouw, i spissen for ein sterk nederlandsk tropp. Så då reknar Onar med å få tøff kamp, men han gler seg allereie.