Onar Westerheim fortset sin skøytesuksess og enda opp mellom dei tre beste under sprint-VM for veteranar i Inzel i Tyskland i helga.

Onar fortel på mobil direkte frå Inzel om ein svært jamn meisterskap. Berre  3 tiandedelar på 500 meter skilde mellom gull og bronse. Så hadde Onar gått nokre få tiandedelar fortare på den eine 500 meteren, hadde han blitt verdsmeister.

No vart det ein nederlendar som gjekk heilt til topps, føre Alf Bjørga frå Bjugn, og med vår eigen mann frå Fitjar på tredjeplass.

Men han kom til topps på pallen vår mann òg, i dag vann nemleg Onar 500 meteren!

Tidene vil han ikkje snakka så mykje om, bortsett frå 1000 meter-tiden i dag, der han fekk notert 1.27.04, som er det beste han har prestert utandørs.

Laurdagen var det snøvêr, mens det i dag vart betre forhold med sju kuldegrader, utan at forholda nokon av dagane vart heilt topp.