Onar Westerheim måtte nøya seg med andreplassen under sprintstemnet 6th Masters i Astana i helga.

Isen var visst det einaste som ikkje var kaldt nok i den kasakhstanske hovudstaden i helga, etter det me forstår på Onar. Og det kunne ikkje bli dei heilt store tidene denne gongen. Dessutan hadde ikkje Onar ei heilt topp helg, medan den beste nederlendaren presterte i overkant. Dermed blei det fire andreplassar på Onar, bak den gamle kjenningen Jan van der Meulen.

Lufta i ishallen var ideell, men isen var ikkje kald nok, og dermed blei det ikkje god nok glid, seier Onar. Men trass i andreplassen og middels tider kan Onar rapportera om eit flott opphald i Astana. Dette er ein heilt ny by som ligg midt på den kasakhstanske sletta, og har vore hovudstad i Kasakhstan sidan 1998. Byen ble vald til hovedstad av president Nursultan Nazarbajev fordi han låg geografisk midt i landet, ute på slettene. Byen har få historiske bygningar, men har mykje moderne arkitektur, som har blitt bygt på grunn av oljeindustrien.

Onar fortel at det var mykje fint å sjå. – Her har arkitekten fått fritt spelerom, seier han. Men det er den nest kaldaste hovudstaden i heile verda, temperaturen låg på mellom 26 og 36 minusgrader medan Onar og skeisekollega Jan Henriksen var der. Når det blæs i tillegg, er det ikkje uteverande i slik kulde, seier Onar. Det einaste som ikkje var kaldt nok i Astana, var altså isflata. Elles var forholda i Alau ishall gode med ideell lufttemperatur.

Denne nye ishallen i Astana blei opna i 2011, og er til liks med mange nye bygningar i den kasakhstanske hovudstaden eit arkitektonisk meisterverk. Men banen ligg berre 348 meter over havet, og tidene kan ikkje måla seg med tidene frå den kjende Medeo-banen i Alma Ata. Banen i fjella ved den gamle hovudstaden ligg 1691 meter over havet, og var i mange år den raskaste skeisebanen i verda. Tynn luft og mindre luftmotstand gjorde Medeo til ein rekordbane, i tillegg verka andre geografiske og topografiske forhold inn. Banen låg nede i ei dalsenking mellom fjellsidene. Der kunne av og til vinden strøyma nedover, og gjera at løparane fekk medvind rundt nesten heile banen.

Den meste kjende verdsrekorden på denne banen sette Boris Sjilkov i 1955 med 7.45,6. Ei tid som var så god at mange nekta å tru den var sann, 18 sekund under den gamle rekorden. Men då Sjilkov dukka opp i Cortina-OL året etter, viste det seg at han var suveren på 5000 meter, og vann på 7.48,7. Andre kjende tider frå Medeo-banen er Sten Stensen sin 10 000 meter på 14.38,08 i 1976 og Jan Egil Storholt sin rekord på 1500 meter, 1.55,18 i 1977.

Sjølv var Onar på Medeo-banen i 1987 og sette rekordar saman med fleire andre løparar frå Stord. Turen denne helga var første gongen Onar har vore i Kasakhstan sidan 1987, og han såg naturlegvis store endringar. Det er tydeleg at oljeinntektene har skapt offentleg rikdom, sjølv om lønningane blant folk framleis er låge.

Jan Henriksen og Onar fortel om eit flott hotellopphald, der ei veke ikkje kosta stort meir enn ei natt her i landet. Og ramma rundt løpet var den mest storslegne dei har vore med på. Med flotte damer som delte ut medaljane, og nasjonalsongar for sigerherrane. Diverre blei det ikkje Onar forunt å høyra «Ja, vi elsker» denne gongen.

Men om ein månad er det nytt Masters-stemne i Stavanger. Då vonar han på revansje mot nederlendarane. – Målet er å koma på pallen, seier Onar om ambisjonane der. – Og vonleg gode tider, for dei er flinke med is i Stavanger, seier Onar til slutt.