Grete Marit Veka Maraas, ordførarkandidat for Senterpartiet, møtte fredag opp på lensmannskontoret på Fitjar for å visa at ho og partiet hennar ønskjer å kjempa for å ha politi på Fitjar, også i framtida.

 

 

Med ei politireform på trappene, som ønskjer å redusera talet på politikontor i framtida, var det viktig for Grete Marit Veka Maraas å visa at ho og partiet hennar set pris på å ha politiet her og at dei viser att i bygda. Ho viser til at det ikkje er mange dagane sidan ho såg ein uniformert bil køyra forbi huset sitt, og det var godt å vita at dei var «på plass».

 

Nærleiken til politiet er viktig for Veka Maraas.

– Det er viktig å ha eit lokalt fjes, seier ho, og legg til at å ha lensmann Svein Lunde i bygda og vita kven han er, opplever ho som viktig.

 

Ho opplever det som trygt at det er mogleg å få tak i ein politibetjent ho kjenner om noko skulle skje, også etter arbeidstid. Det vil ho truleg ikkje vil gjera om Fitjar blir lagt under eit større kontor. Direktenummeret til kontoret har ho også, slik at ho har sleppt å bli sendt frå sentralbord til sentralbord etter å ha ringt det sentrale politinummeret.

 

Lensmann Svein Lunde fortel at eit kontor i bygda er viktig, anten det skal drivast førebyggjande arbeid eller det er folk med redusert mobilitet som treng å ordna eitt eller anna gjennom politiet. Han fortel at han strekkjer seg langt for å vera eit teneleg kontor for bygda, sjølv om det i prinsippet er er ope berre to dagar i veka. Å flytta tenestene til eit større kontor, ser han utfordringar med. Mellom anna at betjentane då ofte er spesialiserte, og det kan vera vanskelegare å treffa «rette personen».

 

Sjølv om Lunde sette pris på å få blomen, er han ikkje veldig optimistisk på fitjarkontoret sine vegne. Trass i at ingenting er konkludert enno, les han mellom linjene at det vil bli store endringar i politiet i åra som kjem.

 

 

Ingressbilete: Grete Marit Veka Maraas ville gje lensmann Svein Lunde ein god klem, saman med blomen. Foto: Arne Vestbøstad