REMA 1000 investerer sekssifra i ombygging av butikken i Fitjar. Det syner at både kjøpmann Jan Stian Taule og REMA 1000 regionalt har tru på ei framtid i Fitjar.

– Når butikken opnar igjen neste torsdag, etter å ha vore stengt frå førstkomande laurdag kveld, er det ein ferskare butikk du vil møte, seier kjøpmann Jan Stian Taule til fitjarposten.no.

Det er særleg fire område REMA vil satse endå meir på enn tidlegare, noko REMA slår fast med følgjande slagord:

* Frukt og grønt – alltid frisk og fersk
* Ferskt brød – heile dagen
* Fersk fisk – alltid
* Ferskvare – endå større utval

– I tillegg vil me i Fitjar satsa meir på blomar. Me vil ha ei eiga «øy» for dette, smiler Taule .

Auke på over 15 prosent
Trass i mykje skifte i leiinga i 2012 kunne REMA 1000 på Fitjar notere seg for ein auke i omsetninga på 15,7 prosent i fjor.

– Det er eg godt nøgd med, seier Taule.