Det vert invitert til jentekveld på Dåfjord bedehus torsdag 3. november. Temaet er: Å vera «god nok».

Det er dr. og spesialist i klinisk vaksenpsykologi Jofrid Bjørkvik som vil halda foredrag om temaet.

«Korleis me ser på oss sjølv handlar i stor grad om korleis me trur andre ser på oss. Er eg god nok? Duger eg? Eller er livet eit einaste strev for å prøva bli god nok, i håp om å bli akseptert. Krava ein stiller til seg sjølv, er ofte sett saman på ein slik måte at dei er totalt uoppnåelege. Som for eksempel at om alt ein gjer ikkje er 100 % perfekt, er alt totalt mislukka. Konsekvensen er tapt sjølvrespekt og ei kronisk mindreverdskjensle.

«Behandlinga» av lågt sjølvverd eller svekka sjølvakting inneber ikkje strev for å auka eigen verdi. Målet er å kunna akseptera seg sjølv som god nok, altså feilbarleg. Livet blir lettare å leva. Dette handlar ikkje om egoisme. Tvert om kan ein nå på ein betre måte etablera likeverdige og gjensidige relasjonar til andre menneske.», heiter det mellom anna i invitasjonen.

Det vert song og musikk ved Marita Westerheim, og arrangementet er ope for jenter /damer i alle aldrar.