og sneen den sner, slik starter det 4. verset på «Å jul med din glede».

Det var på den store juletrefesten i idrettshallen at dette fjerde, og for mange ukjende, verset av «Å jul med din glede» var teke med i gangen rundt juletreet. Etter at dette stod på trykk i Fitjarposten kom det fylgjande melding frå Lovise Vestbøstad: Eg las artikkelen i Fitjarposten, og det gledar meg å høyre at det vart sunge eit 4. vers på «Å jul med din glede» på julafesten i Kulturhuset. Heime i Bjerkreim, og særleg på Jæren (Vigrestad) der mi mor kjem frå, syng vi alltid fylgjande 4. vers:

«Om stormen den raser og sneen vi ser,
det kan jo så slett ikke skade;
thi julen og våren oss alltid er nær,
og vi er så muntre og glade.»

Orda var litt annleis enn dei som vart sunge på Fitjar, men det er heilt klart det same verset.  I idrettshallen song dei:

«Om vinden den tuter og sneen den sner,
det kan oss jo slett ikke skade.
Ti julen og våren oss alltid er nær,
og vi ere fromme og glade.»

 
Teksten til «Å jul med din glede» er skrive av prestefrua, misjonskvinna og forfatteren Gustava Kielland (f. 1800) til ein melodi frå Sverige, og er blandt mange ungar den mest populære songen rundt juletreet.
 
Eit eventuelt 5. vers har me så langt ikkje høyrd meir om.