Politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad, nemner mange aktuelle saker i eit infoskriv til pressa. Nedanfor finn du nokre av dei.

Nytt skilt om bilen vert stolen

Frå 1.1.2012 får bilen din nytt kjennemerke om skiltet ditt vert stole eller tapt. Dette mellom anna fordi stolne skilt har vore misbrukt.

Politiets dag

4. februar vert det arrangert «politiets dag» med forskjellige aktivitetar i politidistriktet. Målet er meir kontakt og samhandling med publikum.

Politihundetenesta

Det er for tida tre patruljehundar og ein narkotikahund i Haugesund – og ein narkotikahund på Stord. Av 229 søk etter stoff i politidistriktet i år (per 19.12) har det vore funn i 176.

Fyrverkerireglane

Politimeisteren minner òg om reglane for fyrverkeri. – Det er forbode å brenna av krut og fyrverkeri utan at skriftleg melding er sendt politiet. Unnataket er nyårsaftan mellom kl. 18.00 og 02.00. Brot på reglane kan føre til bøter på kr 8000.

Påtaleleiar Trond Sekkingstad utdjupar dette nærmare.

– Nyårsaftan er for oss i dag ikkje så mykje verre enn ein vanleg laurdag. Det er ikkje «store slag» som for ein del år tilbake. Dei aller fleste oppfører seg fint. Samstundes er det framleis mykje uvettig omgang med fyrverkeri. I Fitjar har det i følgje lensmann Lunde vore ein del ukontrollert oppskyting midt i sentrum. – Styr unna det, oppmodar Sekkingstad til fitjarposten.no.

Politimeisteren kjem òg med ei oppmoding til slutt: – Bruk vernebriller! seier han.