Ei rekkje bilførarar har tømt olje ut over Tinghusplassen for så å burne på olja i natt. Plassen ser ikkje ut, og einskilde stader er det farleg glatt.

Ein av våre lesarar har reagert kraftig på dette, og skriv:

-I 24-tida i høyrde me mykje «burning» og kvining i bildekk frå Fitjar sentrum. Var nede og skulle kjøpe brød idag morgon, og ble møtt av oljesøl fleire plasser på parkeringsplassen. Dette har dei sikkert tømt utover plassen for å «få hjelp» til burninga. Parkeringsplassen er svart og stygg etter gårsdagens «herjingar», og oljesølet rundt omkring gjer det heile endå verre. Håpar kamera som er plassert i Rådhuset kan finne dei skuldige.

Fleire av dei me møtte på Fitjar i dag var òg hovudrystande til galskapen.