Oliver André Matre på sigerspallen i Vikedal med prov på at han er klubbmeister. Foto: Frode Bunes.

Oliver André Matre frå Fitjar Racing Team blei klubbmeister i bilcross senior i Vikedal laurdag, og har dermed fått napp i den store vandrepokalen.

I fjor var Oliver berre 50 meter frå å vinna klubbmeisterskapet, då han fekk motorstopp i finalen i Vikedal. No har han gått rundt og sikla etter den store vandrepokalen i eit heilt år.

Og under dei våte og vanskelege forholda i går lukkast han endeleg. Regnet og den våte banen skapte mykje dramatikk, og Oliver var blant dei som meistra føret best. Men han kom på ingen måte lett til det, sjølv om han hadde førebudd seg godt.

Han fortel at han såg på vêrmeldingane sist helg og overhalte ein motor for bruk i regnvêr. I fjor tapte han nemleg på at to drivledd gav seg i siste runden. For at det ikkje skulle skje igjen i år, tok han fram den einaste bilen han har med forsterka akslingar, som kosta ca. 4000 kroner. Berre for å sjå at den gav seg i første svingen i første heatet på det blaute føret …

Dermed var gode råd dyre for ein stressa Oliver. Men med god hjelp frå to konkurrentar og mekanikar Stig Arve Bukkøy fekk han bilen i stand igjen til andre heatet. Deretter blei det to heatsigrar og førsteplass i finalen, og eit napp i den etterlengta, store pokalen. Den vil han få utdelt på årsfesten til NMK Vikedal. Det er ingen som har meir enn eitt napp så langt, og Oliver har bestemt seg for å vinna pokalen til odel og eige.

Slik såg volvoen til Ole Lønning ut etter løpet i Vikedal. Foto: Frode Bunes.

For dei andre Fitjar-førarane blei det blanda drops denne gongen. Audun A. Mehammer kom på andreplass i C-finalen i seniorklassen. Ole Lønning hamna på taket i B-finalen i juniorklassen. Denne klassen blei vunnen av Daniel B. Finnvik, medan crosskartmeister Bjørn Cato Aarekol måtte nøya seg med femteplassen.

Ein regnverskledd Ole Lønning numer to frå høgre, saman med dei beste i juniorklassen. Foto: Frode Bunes.

Juniorane Aleksander Sætre og Benjamin Hall kom ikkje til nokon finale. Sistnemnde var debutant, og fekk berre køyrt ein omgang. I dei to andre måtte han slepast i depotet. Men han lar seg på ingen måte stoppa av ein litt tung start i lånt bil. No har han kjøpt seg sin eigen løpsbil, som han skal henta på Osterøy i dag. Konklusjonen hans etter debuten er klar:

– Dette var kjempekjekt!

 

Audun A. Mehammer (45) sin bil må ha hjelp tilbake til depotet. Foto: Frode Bunes.