Oliver André Matre har verken pokalar eller bil med seg no når han er på veg heim frå Kongsberg.

Han rapporterer om ei triveleg landsfinalehelg på Kongsberg, men den sportslege suksessen uteblei. Allereie etter første innleiande runde, fredag kveld, var han meir eller mindre ute av dansen i samandraget. Han fekk stopp då hovudstraumbrytaren losna. På det tidspunktet låg han an til andreplassen i heatet.

To bra løp i dag, med ein tredjeplass og ein andreplass, gav 12 poeng, men det var ikkje nok til å nå nokon finale. Hadde ikkje hovustraumbrytaren losna i går, kunne han køyrt inn til andreplassen. Det hadde kvalifisert han til ein semifinale, og kamp om ein plass i E-finalen.

Som om ikkje dette var nok, miste han òg den kjære VW-bobla si etter løpet. Det var 41 bud på bilen hans, og den blei borte vekk. Men kjenner me Oliver rett er det ikkje lenge før han stablar ei ny boble på beina. Som den store sportsmann han er, takkar han kompisane for god hjelp i helga. Og snart står han nok på startstreken igjen.

Hovudstraumbrytaren som svikta Oliver under landsfionalen i bilcross på Kongsberg.

 

Ingressfoto: Sjåfør Ingve André Strand tar farvel med bobla til Oliver.