Oliver André Matre skreiv seg inn i soga til Fitjar Racing Team i går, då han som første førar frå teamet kvalifiserte seg til landsfialen i bilcross senior.


Oliver André Matre i aksjon på Eikåsbanen i Åsane.

Den svorne tilhengaren av VW boble kom på femteplass i A-finalen under sesongopninga i bilcross på Eikås Motorsenter i Åsane. Såleis kan me seia at Oliver starta sesongen med brask og bram.

Men før han kom så langt, var det kanskje litt mykje både brask og bram. Denne gongen var det nemleg støykontroll, og bobla til Oliver bråka meir enn dei tillatne 100 desibel. Dermed blei det mykje stress, med å sveisa på ei ny potte, som måtte fjernast igjen.

Desse vanskane, kombinert med litt «rattrust» og problem med gearkassen, gjorde at Oliver måtte nøya seg med D-finalen på Eikås. Sjølv om han blei nummer to i begge dei neste innleiande rundane.

Men frå D-fianlen og inn gjekk det rette vegen for Oliver. Frå siste spor gjekk han fram og vann D-finalen, før han vann både C-finalen og B-finalen. Han tok og starten i A-finalen, men måtte nøya seg med femtplassen til slutt.

For Oliver var dette eit strålande resultat, etter som sesongopninga i Bergen gjeld som kvalifisering til landsfinalen, det største som er innan bilcross i Noreg. Den går av stabelen på Kongsberg i august.

For Håvard Dalen og Gisle Aarbø blei det ingen resultatmessig suksess denne gongen. Håvard blei send til depotet etter ein tjuvstart. Gisle fekk ein andreplass, ein femteplass og ein tredjeplass i dei innleiande rundane. Dermed var han tre poeng bak Oliver og ute av dansen.

Men heile teamet jublar for dagens mann i Fitjar Racing Team, Oliver André Matre. Han har skrive seg inn i historieboka til racingteamet, og seier til Fitjarposten at han sjølvsagt er ein svært glad mann i dag. Og han nyttar høvet til å takka alle dei gode hjelparane sine.


Kristina Sætre, ei av dei gode hjelparane til Oliver under laurdagens løp.


Ein solid gjeng frå Fitjar Racing Team på plass i Åsane.