Junioren Ole Lønning jublar mest i dag, etter å ha kvalifisert seg til landsfinalen i bilcross for første gong. Foto: Kjetil Rydland.

Under Todagarscrossen i Vikedal i helga kvalifiserte både Oliver André Matre og Ole Lønning seg til landsfinale i bilcross; for 16-åringen Ole er det første gongen, så han jublar nok mest.

TV-tittarar frå heile verda kunne følgja med på direktesendinga til TV Haugaland i dag, og sjå Oliver André Matre velta frå ei topplassering i seniorklassen under Todagarscrossen i Vikedal.

Oliver sopte gjennom fem kvalifiseringsheat i går og i dag og vann alle i rein oppvisningsstil. Han stilte naturlegvis opp som ein av favorittane i A-finalen, men med fire rundar igjen blei han «torpedert» av ein overivrig bergensar. Bobla til Oliver velta, og dermed var vår mann ute av kampen.

Slik ser det ut når Oliver veltar med bobla si. Dette arkivbiletet er frå 2015. Foto: Kjetil Rydland.

Bergensføraren blei svartflagga – diskvalifisert – for innsatsen sin, men det hjelpte lite.

– Eg ville heller fått sjansen til å fullføra, seier Oliver, det betyr lite for meg at konkurrenten blei diskvalifisert.

Bobla fekk hard medfart i Vikedal i dag, men sjølv er Oliver like heil. Foto: Kjetil Rydland.

Sjølv er Oliver sikker på at han kunne ha kjempa om sigeren i dag om ikkje dette uhellet hadde skjedd. Men køyringa heldt til 5.-plass i Todagarscrossen, og kvalifisering til landsfinalen i bilcross på Gardermoen. Oliver køyrde landsfinale i fjor, men er slett ikkje sikker på om han stiller opp i år, sjølv om han er kvalifisert:

– Løpet går på Gardermoen, som er ein altfor rask bane for boblene mine, eg må i tilfelle prøva å kjøpa meg ein bilcrossbil med større motor, seier Oliver søndag kveld.

Sekstenåringen Ole Lønning smiler mykje breiare i kveld, etter å ha hatt si beste helg på motorbanen nokon gong. Med to heatsigrar i innleiande rundar i juniorklassen kom han til B-finalen. Der blei det andreplass, og 7.-plass totalt i Todagarscrossen. Dermed er Ole kvalifisert til landsfinalen for junior, som går av stabelen på Konsmo laurdag 3. august.

- Annonse -

– Eg stiller! seier ein fornøgd Ole Lønning til Fitjarposten søndag kveld.

Sjølv om det var ei mengd bod på bilane etter Todagarscrossen i Vikedal i dag, fekk Ole Volvoen sin med seg heim. Dermed er han klar for landsfinalen, og det same er støtteapparatet. Sjølv om ferien no blir litt kortare enn dei hadde tenkt …

For fleire av dei andre førararne frå Fitjar Racing Team blei det òg ei positiv helg. Kanskje mest for Jonas Heggøy, som ikkje har køyrt løp på ei stund. Han vann to innleiingsheat, og viste mykje fin køyring.