Ole Lønning sikra seg nesten like fin pokal som vinnaren då han blei nummer åtte under VM-runden i Bergen. Foto: Kjetil Rydland.

Under første runde av vestlandsmeisterskapet i bilcross kom koløyguten Ole Lønning midt på resultalista, då han blei nummer 8 av 15 deltakarar i juniorklassen.

Som nesten all annan idrettsaktivitet har bilsporten lidd under koronapandemien, og det har ikkje blitt konkurransekøyring på dei ivrige førarane i Fitjar Racing Team i år. Før denne helga, då første runde av vestlandsmeisterskapet i bilcross gjekk av stabelen i Bergen.

Og heilt ordinært blei ikkje løpet som NMK Bergen arrangerte på Eikåsbanen i Åsane laurdag og søndag, då det ikkje var ope for publikum. Den einaste deltakaren frå Fitjar var junioren Ole Lønning, og han hadde berre lov å ha med seg ein person i støtteapparatet sitt. Naturlegvis stilte storebror, Jonas Lønning, opp som mekanikar for Ole denne gongen òg.

Ole fortel til Fitjarposten at bilen – ein Volvo 240 med motor av ukjent opphav – fungerte godt. Han er nesten like fornøgd med eigne prestasjonar, iallfall eit stykke på veg. Etter dei innleiande heata måtte Ole nøya seg med B-finalen, men her låg han lenge an til å sikra seg A-finaleplass.

Han leia B-finalen heilt til han skulle ut i alternativsporet, men her tverra han på det sørpete føret, og dermed var løpet køyrt med tanke på A-finale. Ole skuldar ikkje på andre, men dei gamle dekka hans var nok litt for harde på det glatte føret.

Om to veker blir vestlandsmeisterskapet avslutta i Vikedal, med 2. runde. Då blir ikkje Ole den einaste Fitjar-føraren på startstreken. Også dei to andre juniorane, Benjamin Hall og Julian Helland, har planar om å stilla opp. Men nokon stor delegasjon frå Fitjar vil det ikkje bli.

– Kvar deltakar har berre lov til å ha med seg to personar, ei vakt og ein mekanikar, seier Ole Lønning.

Til liks med resten av det fartsfylte teamet håpar han at det snarast mogleg blir normale tilstandar i bilsporten igjen.

Her er Ole Lønning i leiinga på Eikåsbanen i Bergen. Foto: Jonas Lønning.

Utsnitt frå resultatlistene i Bergen:

Her ser me at Ole Lønning var einaste fitjarbu, og einaste førar frå NMK Vikedal, som deltok i juniorklassen, medan velkjende Thomas Tofting frå NMK Bergen vann. Og like velkjende Marius Havre frå NMK Bergen vann seniorklassen.