Astrid Olaug Dalen var gudmor då oldebarnet Ola Dalen vart døypt i Fitjar kyrkje i dag. Sidan det var Bornas Misjonsdag, var kyrkja  mest fullsett.

Foreldra til Ola er Jenny og Torfinn, besteforeldra er Turid og Lars, medan oldeforeldra altså er Astrid Olaug og Erling. Alle med Dalen som etternamn.

– Dette var vel planlagt, fortel Jenny til fitjarposten.no. – Sidan Astrid heiter Olaug til mellomnamn, er Ola òg ei oppattkalling, legg ho smilande til.

I tillegg til Ola vart to andre gutar òg døypte i Fitjar i dag.

Bornas Misjonsdag vart markert på fleire måtar. Både ved at born tok aktivt del i gudstenesta, ved at offeret gjekk til Sunnhordlandsaksjonen for misjon og ikkje minst ved at sokneprest Olav Oma la preika si opp etter dette.

På ein svært konkret og spennande måte fekk Oma kontakt med dei minste. Minte om han som utan å sjølv ha gjort noko synd, tok straffa for synda vi menneske har gjort. Og om at me har i oppdrag å dele vidare det gode me har fått av Jesus.

Og til slutt sa han: Hugs at Jesus elskar deg og at han har sona synda di. Tru det og lev i det!