Publikum fylte kyrkja torsdag kveld for å få med seg starten på Fitjarfestivalen, konserten «I flomålet med Ola Bremnes og Petter Dass».

Nærmare 250 publikummarar frå fjern og nær møtte opp for å høyra den kjende nordnorske låtskrivaren og artisten. Og dei modne tilhøyrarane frå Fitjar, Stord, Bergen og fjernare strok såg ikkje ut til å bli skuffa. Smil, latter og applaus sat laust under konserten, og lovorda hagla etterpå.

Festivalgeneral Sigurd André Maraas ønskte velkommen til konsert, og «tjuvstarta» med det Fitjarfestivalen 2015. Skal me dømma etter stemninga i kyrkja torsdag kveld, går fitjarbuen ei fin helg i møte.

Kjente og litt mindre kjente nummer frå repertoaret kom som perler på ei snor, og kommentarane innimellom ga nærleik og kontakt med eit særs lydhøyrt publikum. Både hans eigne tekstar og tekstane til Petter Dass gav oss eit levande bilete av livet i Nord-Noreg frå gammal tid og framover til i dag. Spesielt sterkt inntrykk gjorde kanskje framføringa av teksten som han hadde skrive med utgangspunkt i ei sprukken kyrkjeklokke ein stad i Vesterålen, Rødbrune seil. Frå gammal tid, heilt frå Håkon den gode si tid, fortalte Ola Bremnes, hadde det gått båtar sørover til Bergen med fisk, og nordover att med mjøl og anna som folk hadde bruk for. Bygda åtte desse båtane, og dei blei segla av bygdas beste menn. Denne teksten handla om ei jekt som var sakna i to år før ho kom att, og då ringte dei i jubel med kyrkjeklokka til ho sprakk!

Det hendte for lenge sia,- langt oppi nord et sted. Folk gikk og venta på bygdefarjekta, men ho va ikkje å se. Ho skulle komme fra Bergen, lasta med alt som går an av rugmel, sukker, sirop og salt i bytte førr tørrfesk og tran. Men jekta va borte. Nåkka va feil. De speida forgjeves etter rødbrune seil.

Bygdas beste va med, våkne og vante menn. Va de forlist eller eller satt i arrest? Storbåra bryt og brenn. Ei mor går i uro og vente på sin kjære sønn. En far hytte handa mot en hard horisont, og folket går sammen i bønn. Men jekta va borte …

Håpet minka daga for dag, ansiktan mista glød. Det som kom te bygda nu va den bare og bitre nød. Bleik som et lite barnekinn, blå som en dødsmerka munn.
Svart som selve djupe jorda under en kistebunn. Jekta va borte … 

Et år får passere. To år hangle av sted. Da ser ei kone i vinduet et syn ho kan kjennes ved: En båt der ute på fjorden! Det kan umulig være feil. Hjertet hamre, pusten hiv: Ser dokker, rødbrune seil!
Jekta e hjemme. Herre min Gud. Jesus Maria: La det gå bud!

Nu ringte de kirkeklokka. Ringte og ropte takk. Takka førr livet og gutan og gleden, ringte te klokka sprakk! Sprakk av lutter glede, sparte sin siste lyd te dagen da alt ble nytt igjen og alt bare jubel og fryd og jekta va hjemme, berga og heil. Tebake fra Bergen med rødbrune seil.

Med sin blanding av humoristiske kommentarar, enkel livsvisdom, poetiske tekstar og ein glimrande gitarist ved si side møtte gjesten frå Nord-Noreg fitjarbuen heime. Om lag som han sjølv formulerte det – frå ein kyst til ein annan – formidla han sin eigen kultur på ein måte som me kunne kjenna att. Han tykte synd på oss som ikkje har Hurtigruta, som han humoristisk uttrykte det. Fleire fekk lyst til å reisa med Hurtigruta, og enkelte var glad for å ha opplevd litt av Nord-Noreg før konserten.

Knapt eitt auga var tørt då Ola Bremnes og gitaristen hans hadde fullført dei to ekstranummera. Det aller siste nummeret, «Det sku bo folk i husan», er den første songen han var med på å laga, kunne den folkekjære artisten fortelja. Den blei til i 1979 då farmor hans, som budde på Hinnøy, døydde. På Fitjar kom han til eit takknemleg publikum som kjende seg att i denne teksten – og i dei andre tekstane. Og me visste å ta med oss stemninga frå denne unike formidlaren ut i augustkvelden.


Den musikalske støttekontakten til Ola Bremnes, gitaristen Terje Nohr Olsen, gav fleire prov på at han må vera blant dei beste i landet. Foto: Kjetil Rydland.

 
Ola Bremnes fekk det travelt med å signera plater etter konserten. Foto: Kjetil Rydland.

 


Festivalgeneral Sigurd André Maraas smilte om kapp med kona og resten av publikum etter møtet med Ola Bremnes. Foto: Kjetil Rydland.