I dag sym Mariann Vestbøstad sin første av fire distansar i Paralympics i Beijing. Det er 100 m fri. Finaleplass er målet.

 – Opningsdistansen er 100 m fri. Der er ho rangert som nummer sju i verda. Då vil ein finaleplass vera naturleg mål-setting, fastslår Morten Eklund, trenar for den norske symjetroppen, ovenfor Bladet Sunnhordland.

Mariann har tre distansar på OL-programmet. I dag sym ho 100 m fri, på onsdag vert det 100 m rygg og på fredag 12. september avsluttar ho med 400 m fri.

Me får berre kryssa fingrane.