Fitjar-jenta Mariann Vestbøstad sumde inn til ein flott tredjeplass, og bronsemedalje, i finalen på 100 meter rygg i Paralympics i Beijing i føremiddag.

I finalen hadde ho berre den suverene briten Heather Frederiksen, og amerikanske Jessica Long, foran seg på resultatlista. Briten sette ny verdsrekord på distansen. Mariann vart klokka inn på 1.20.86, fire sekund bak gullvinnaren og knapt tre sekund bak sølvplassen.

Ved vending etter 50 meter låg ho foran amerikanske Jessica Long, og berre rundt eit sekund bak Heather Frederiksen. Men i siste halvdelen av løpet vart dei to for sterke for fitjarbuen.

Les meir og sjå bilete på nrksport.no.