Me har nytta potetferien til å vera med og plukka potetene på forsøksfeltet ovanfor Olstjødno, og avlinga var bra.

Heilt økologiske var dei kanskje ikkje, men det manglar ikkje så mykje, meiner Lars Ove Rimmereid. Ikkje har dei blitt sprøytte mot tørrote, og lauvet var heilt vekke sjølv om det ikkje hadde blitt sprøytt. Så han har nesten orda sine i behald.

Potetene kom i jorda 12. mai, sju raster med litt forskjellige potetsortar. Ei rast med mandelpotet gav lite i sekken, kanskje fordi dei var nærmast graset. Litt betre var det i dei to rastene med van Gogh. Rastene med ariel, laila og berber gav og brukbar avling.

Det var og ei og anna kerrs pink og troll å finna. – Men dei har me ikkje sett, seier Lars Ove Rimmereid, så dei veks nok naturleg her oppe!

Alt i alt plukka me nærmare 400 kilo poteter på den vesle åkerlappen på rundt eit kvart mål. Altså ikkje så verst avling i knapt 300 meters høgd over havet.

Grasavlinga på forsøksfeltet blei ikkje så stor. I fjor haust sådde dei ymse grasblandingar. Blant anna beitefrø utan raigras og «surfor pluss 100» med 100 % raigras. Bakken blei ikkje slegen før i september, og det var altfor seint. Dei burde nok ha gjort unna slåtten i juli, meiner Lars Ove.

– Når me har sortert potetene, skal me selja dei på potetmarknaden neste helg, seier Lars Ove Rimmereid til slutt.

Ingressbilete: Lars Over Rimmereid, Kristian Skumsnes og Lars Dalen blei velsigna med godver då dei plukka nærmare 400 kilo poteter i vindmølleparken. Heldigvis viser ikkje den bitande vinden på biletet. Foto: Kjetil Rydland.