Det var eimen av deilig risengrynsgraut og lyden av roleg julemusikk som møtte oss ved inngangen.

Indremisjonen si julemesse er eit stort arrangement som varer frå kl 12.00 til seks-sju-tida. I første økta var det mange som kjøpte graut og drøste med kvarandre. Det såg ut som mange nytta høvet til å kjøpe heimelaga julebakst av ymse slag, og åresalet gjekk unna med jamne mellomrom utetter dagen. Det var fine gevinstar i hopetal som passar for alle aldrar. Gull-lotto fall i smak for borna på ei eiga barnemesse om ettermiddagen. Håkon C Hartvedt og Fitjar Barnegospel song og det var andakt med fokus på små og store. Også på hovudmessa kl 16.30 var det svært mykje folk til stades. Mange born venta på trekking av gevinstane som var utstilte. Truleg var vaksne opptekne av kven som kom til å vinne den flotte stresslessen med skammel. Den heldige vinnar høyrer heime i Fitjar, seiest det. Rasmus Fitjar, ein av dei mange som er med og arrangerer, fortel til fitjarposten.no at den store julemessa går knirkefritt. Folk hjelper til år etter år og veit kva som krevst i dei ulike arbeidsoppgåvene. – Det er kjekt med slike samlingar som bind generasjonane saman på bedehuset, seier Rasmus, og legg til at alle er velkomne.

Inntekta av messa går til vedlikehald og drift på Fitjar bedehus. Etter opp-pussinga i sommar har ein god bruk for den store summen som kom inn i dag: meir enn 110.000 kroner. Det høyrest ut til å vere rekord.