Søndag ettermiddag ringte dørklokka. Etter lyden å dømme måtte det vere mange som stod utanfor. Då me opna døra, vart me møtt med julesong frå utkledde born. I første pulje var det sju julebukkar. Litt seinare kom det fleire. Alle takka så fint då det vart lagt litt snop i posane deira. Takk for besøket!

Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine blinkskot med andre.