Fitjarposten prøver å følgja både små og store på fotballbanen, og i kveld fekk me sjå ein Fitjar-dommar i Toppserien for damer.

I oppgjeret mellom Arna Bjørnar og Amazon Grimstad i Arna onsdag kveld, sesongdebuterte Signe Kvalsvik Rydland på øvste nivå for damene. Ho kom frå den relativt lettdømte kampen utan dei store kontroversane. Så ho slapp dra fram kortstokken, men eit straffespark fekk ho dømt. Heilt korrekt. Og det sette Maren N. Mjelde kontrollert i mål, slik at heimelaget vann fortent 1-0 over gjestene frå Grimstad.