Isabell Rydland, leiar i Øvrebygda 4H, smiler idet ordføraren nett har klipt snora. Foto: Kjetil Rydland.

Søndag ettermiddag samlast eit hundretals ovbygdarar og andre 4H-vener til høgtideleg opning av den nye gapahuken til Øvrebygda 4H, og lovorda sat laust hos både eigarane og ordførar Wenche Tislevoll, som skar over snora.

Gapahuken ligg oppe i skogen bak Øvrebygda skule, ved Klovadalstjødno, som ligg halvvegs til «flasko», nedanfor det kjende turmålet Surefjedlet. Tomta ligg på Hogste, og grunneigar er Inge Andreas Waage.

Jakob Johan B. Solberg frå Osterøy helsa frå styret i Hordaland 4H, her med Isabell Rydland og Victoria M. Maraas, leiar og nestleiar i Øvrebygda 4H. Foto: Kjetil Rydland.

Den daglege leiaren i Waage Anlegg hausta mykje velfortent ros under dagens høgtidelege opningsseremoni, der ovbygdarane møtte opp i hopetal for å drikka kaffi og eta kake med ordførar Wenche Tislevoll. Og innvia den finaste gapahuken på Øyo!

Men han var ikkje den einaste ordførar Wenche Tislevoll trekte fram i opningstalen sin. Initiativtakar og klubbrådgjevar Ida Marlen Havn fekk sin velfortente ros.

– Eldsjeler må me ha, slo ordføraren fast.

Gode ord gjekk òg til støttespelarar frå næringslivet, Waage Anlegg, SIM, Engevik & Tislevoll, Nygård Tak og ikkje minst Fitjar Kraftlag, som har gitt 25 000 kroner av dei 60 000 som gapahuken kosta totalt.

Men 4H hadde ikkje fått bygget opp utan innsatsen til foreldre i Øvrebygda; Kjell Kristian Olsen har gjort grunnarbeidet, Nils Øyvind og Karl André Rydland har støypt fundament, ein god gjeng foreldre har stått for monteringa, og Rune Havn og Arild Vik køyrde til Setesdalen på 17. mai i fjor og henta gapahuken heim som «byggesett».

Klappsalvene runga mellom trestammene etter kvart som dei gode hjelparane blei nemnde, og fleire kunne sikkert blitt med i same andedrag. Elles helsa Jakob Johan B. Solberg frå fylkesstyret i Hordaland 4h. Og gapahukgrossist Toralv Røen representerte Stord Fitjar Turlag; han kunne nok ikkje unngå å sjå at denne gapahuken er den finaste på Stordøya!

- Annonse -

Samværet blei avslutta med kaffi og kaker, og utdeling av premiar til dei som hadde gått natursti opp til «flasko». Me gratulerer Øvrebygda 4H og resten av bygda med ein ny møtestad i friluft!