Om det er ungdommeleg overmot vil visa seg i løpet av fredag og laurdag. Torkel Nesbjørg (til venstre) er ganske sikker på at laget hans har gode sjansar i Vintercupen 2014.

Torkel Nesbjørg kjente etter trekkinga av puljene at dette kjem til å bli ei god turnering for Kalveid, laget han spelar på for andre gong. Dette blir tredje året han er med. Første året spelte han for Dåfjorden, men dei har ikkje stilt lag dei seinare åra, og då blei Kalveid redninga for Torkel sin del.

Turneringa er eit høgdepunkt i fotballsesongen.

– Dette gler eg meg til, og eg har trent godt heile sesongen for dette. Eg trur me går vidare, det er ikkje den beste gruppe me har hamna i (med Havn, Storavatnet Jr og Bakken), seier han med eit smil om munnen.

Han er ikkje snauare enn at han tar ordet gjennomtrent i sin munn, og lanserer seg sjølv som ein nøkkelspelar, som skal dominera midtbanen, og strø pasningar ut til kantane. Etter latteren rundt bordet, verkar det som han har ein jobb å gjera med å følgje opp orda med handling.

Dermed er hansken kasta, og med mindre enn eitt døgn att  til første kamp, er temperaturen alt på veg opp i grendene i bygda, i det som elles er ein kjøleg novemberkveld.

 

Ingressbilete: Torkel Nesbjørg (til venstre) har alt starta å fyra opp mellom andre Mats Vestvik på Storavatnet Jr, og før dei har stått på kvar sin banehalvdel er det tommel opp og god stemning. Foto: Arne Vestbøstad