Torsdag 28.august er det igjen duka for temakveld i Fitjar kyrkje. Temaet er «Sorgen gleden og håpet – ei reise gjennom det forunderlige livet med Odd Eidner som guide.»
 


-Odd J. Eidner (58) er født i 1956, oppvokst i Steigen, og bor i Bodø. Han er prostiprest i Bodø domprosti og rådgjevar for politiet ved kriser og katastrofer. Han har mye kompetanse på kyrkjeleg teneste når det skjer ei ulykke. Eidner har òg engasjert seg i arbeidet med oppfølging av etterlatte etter sjølvmord, og er fylkesleiar i LEVE Nordland, heiter det mellom anna i ei pressemelding om kvelden.

Der kan me vidare lese at Eidner er forfattar og føredragshaldar. Han har gjeve ut fire bøker – ”Huset med de mange rom” (Credo 1984), ”Den doble sorgen” (Genesis 2006), ”Den doble gleden” (Genesis 2010), og ”Det doble håpet” (Genesis 2012).
Han har mista to barn, og det skriv han om i boka ”Den doble sorgen”. I ”Den doble gleden” fortel han om korleis livet artar seg for han no, etter ei livskrise. Eidner er òg er fast andaktsholder på NRK P1.

Under temakvelden vert det òg musikkinnslag ved Guro Rimmereid og Ingvild Prestbø.

 

Ingressbilete: Odd J. Eidner.