Det er venta mykje regn over Hordaland i kveld.

 

På nettsida yr.no ligg følgjande obs-varsel ute for Vestlandet sør for Stadt: «Frå i ettermiddag, laurdag, er det venta lokalt kraftige regnbyger. Lokalt kan det komma 20-40 mm på under 3 timar. Den kraftigaste nedbøren ser ut til å koma i Hordaland i kveld. Intensiteten i nedbøren ventast å avta natt til søndag. Fare for lokale flaumar, små jordskred og/eller flaumskred der bygene treff.

Det er også venta sørvest stiv kuling utsette stader, minkande til liten kuling. Skyet, regn og regnbyger. Lokalt kraftige byger, kan hende med torden.