Ein ny o-sesong nærmar seg med stormskritt, og det første offisielle løpet går av stabelen førstkommande tysdag.

O-gruppa i Fitjar IL er klar for ein ny sesong, og har dei to siste tysdagane tjuvstarta litt med orientering for 2. og 3. klasse. Kommande tysdag er offisiell start med løp nummer 1 av 7 i Fitjarkarusellen frå kunstgrasbanen. I dette løpet blir 3. klasse (idrettsskulen) med kl 17.00, og 2. klasse kjem kl 18.00. I tillegg ligg det an til at delar av fotballtreninga til 4. og 5. klasse gutar blir orientering denne tysdagen. Det kan difor bli mange deltakarar på dette første løpet, men håpet er sjølvsagt at ein del andre dukker opp i tillegg.

Arbeidet med klargjering av årets turorientering er òg i sluttfasen, og konvoluttane med kart og anna materiell blir lagt ut for sal hos Larsen – MX Sport laurdag 31. mars. Det betyr at ein i palmehelga kan planleggja postjakt-turar i området rundt Surefjellet, frå Dalshaugane og i området Fitjarstølane/Midtfjellet. Totalt blir det lagt ut 50 postar, og ein kan registrere kodane inn på nettsida til Fitjar Idrettslag også i år.