Rolf-Atle Rolfsnes i Fitjar Idrettslag fortel at opplegget for o-sesongen på det nærmaste er klart.

Det kan sjå ut til å bli ein innhaldsrik sesong for o-folket i Fitjar. Sesongen startar med eit nybyrjarkurs på Fitjar vgs. søndag 10. mars kl. 17.00-18.30. Tema her vil bli innføring i kartteikn, korleis orientera kartet og kva som er viktig for å finna fram i terrenget. – 2. og 3. klasse med foreldre er spesielt velkomne, seier Rolf-Atle Rolfsnes.

Dei to siste onsdagane før påske blir det eit spesielt opplegg for idrettsskulen (3. klasse) + 2. klasse og andre interesserte. Det blir rekruttløp for 3. klasse / idrettskulen kl. 18.00 – alle andre møter kl. 17.00. Onsdag 13. mars går løpet frå Rimbareid skule, onsdag 20. mars frå Fitjar kultur- og idrettsbygg. – NB! For begge aldersgrupper ønskjer me at foreldra blir med borna, seier Rolf-Atle.

Etter påske er o-sesongen i gang for fullt, og i år vil o-folket samarbeida med Stord om ein del ulike sosiale tiltak. Det første er pizza-samling etter Stord sitt Kristtornløp søndag 7. april. Det er òg planlagt o-troll leir på Lundarstøl 8. – 9. mai og fellesturar til ein del løp.

Fitjarkarusellen 2013 er på 7 løp — og alle som er med på minst 3 av løpa får premie og diplom i slutten av året. O-gruppa prøver å lage enkle nybyrjarløyper, men stiller med instruktørar som kan forklara løypa på førehand og gi gode råd om korleis ein skal finna fram dersom nokon av postane ser litt vanskelege ut. – Det er likevel kjekt om t.d. foreldre kan følgja rundt løypa, seier Rolf-Atle.

I år blir det to ”Finn fram»-dagar”, og desse blir i område der månadens turorienterings-post ligg. Søndag 28. april vil turen gå inn mot Skutesmogsåsane mellom Svartasmogvegen og Sælevik. Det blir enkle postar med spørsmål langs traktorvegen frå begge sider, dvs. at ein kan starta både frå nord og sør og møtast omtrent på midten. Søndag 9. juni blir det ein liknande tur, der det blir ei løype på 10 postar frå Tveitasago mot Årbø, og ned til Tveitafossen. På postane blir det oppgåver, og ein av postane er månadens post for mai/juni.

Turorienteringa i år vil gå for seg ved Svartasmoget/Sælevik (20 postar), Sæterbø/Vekslio (15 postar), Vassverket /Vik (10 postar), og ved Tveitasago/Tveitafossen (5 postar). Gå til: www.turorientering.no/fitjar og registrer deg som deltakar, viss du ikkje har gjort det tidlegare.Etter kvar tur registrerer du postane dine på nettet. Mappa kan kjøpast på MX Sport frå laurdag 23. mars.