Fitjar Idrettslag arrangerte rankingløp i orientering tysdag kveld, med god deltaking. Dei prøvde seg med eit tilbod om turorientering i tillegg til sjølve konkurransen. Det slo ikkje så godt an, men deltakinga i konkurransen var god. I alt fullførte 62 deltakarar, dei fleste frå Stord.

På resultatlistene for dei vaksne klassane finn me berre tre gamle travarar frå Fitjar Idrettslag. I klassen H50 kom Øyvind Skålevik på 3. plass og Annar Westerheim på 8. Per Audun Kloster klarte ein fin 3. plass i klassen H60. Desse tre utgjorde saman med Harald Engevik og Harald Westerheim arrangementskomiteen for gårsdagens løp.

Dei gledde seg nok mest over resultata i nybyrjarklassen. Her finn me mange unge lovande fitjarbuar i 7-8-årsalderen:

Nils Birger Vestbøstad 1000 poeng
Kari Fitjar 825 p.
Arild Fitjar Waage 825 p.
Marius Strand 825 p.
Marthe Rimmereid 825 p
Caroline Skaar 820 p.
Jonathan Tranøy 771 p.

Fullstendige resultatlister kan du lesa her:

http://ans.hsh.no/home/jh/ostoff/Sesong08/Rank08/Lop2/htmlfiler/

http://idrett.speaker.no/il/fitjar